Forunderlige fakta

Monarksommerfugl (Foto: Wikimedia)

Den tyngste nyfødte babyen som er registrert i verden, veide 10,26 kilo ved fødselen.

En av en nillion mennesker har fire nyrer. De aller færreste av dem vet noe om det.

20 prosent av advokatene i USA har et alkoholproblem.

Saturns måner har vulkaner som spyr ut is.

I gjennomsnitt går det sju minutter fra et menneske legger seg til det sover.

Sommerfugler smaker med undersiden av føttene.

Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen – Dei seks første kapitla

Kapittel 1

Tunnelboremaskin forsvann

Indre Arna, 20. juni 2025

Prosjektleiar Steinar Mestad i Vegvesenet trudde ikkje det hans eigne auge fortalde ham. Det skulle vere fysisk umogeleg at ein stor tunnelboremaskin berre kunne forsvinne ut i det store inkje, frå den eine dagen til den neste.

I går, torsdag, stod maskinen parkert utanfor det som skulle bli den nye biltunnelen gjennom Ulriken. Den stod på Arna-sida av fjellet, der den for eit år sidan hadde starta å bore seg gjennom fjellet fram til Bergen sentrum. Derfrå hadde den laga eit nytt løp i fjellet i motsett retning. No var jobben i Arna gjort og maskinen skulle fraktast til Tyskland for ein total oppgradering før neste oppdrag.

Dette var siste dagen før sommarferien skulle begynne. Og ikkje berre det. Det var Mestad sin siste arbeidsdag før han blei pensjonist.

Mestad hadde køyrt med motorsykkel to gongar gjennom tunnelane. Men tunnelboremaskinen var ikkje å sjå nokon stad.

«Den kan jo ikkje berre forsvinne i lause lufta,» sa han til seg sjølv. 

Mestad såg for seg presseoppslaga:

«Her forsvann ein gigantisk tunnelboremaskin i lause lufta»

Og så skulle han stå der som ein idiot og prøve å forklare kvifor noko slikt kunne gå til. Det beste hadde nok vore om han kunne klart å halde forsvinninga skjult for media og ålmenta.

Mestad set seg ned ved kontorpulten sin i brakka som var sett opp ved hovudkontoret til elektroentreprenøren Magnus M. Thunestvedt på terminalområdet i Indre Arna. Han ville tenkje gjennom om det i det heile var mogeleg å halde dette skjult eller om han berre måtte sende ut ei pressemelding om forsvinninga.

Etter å ha tenkt i ein time, var Mestad langt meir lys til sinns enn han hadde vore tidlegare på dagen. Med ein god porsjon flaks, kombinert med forvaltninga sin sløvleik som nokon gongar berre gjorde det den absolutt måtte gjere, kunne dette gå godt.

Han skulle berre late som ingenting, som om han aldri hadde sett eller høyrt noko som helst om nokon tunnelboremaskin. Då var det fullt mogeleg at den ville forsvinna inn i tausheita for alltid.

Kapittel 2

Ny prest

Prestegarden i Indre Arna, 25. juni 2025

Sara Borge tok frukosten sin ute i prestegardshagen denne vakre søndags morgonen. Det var vindstille og sola varma skikkeleg godt. 

I to år har ho vore sokneprest i Arna. Sara er kort og lita av vekst, berre 162 centimeter høg og ho veg 58 kilo. Ho har blondt og kortklipt hår.

Sara synes ho hadde vore heldig då ho som nyutdanna prest fekk eit så sentralt sokn som Arna som sin første prestejobb. Og så var det attpåtil i heimbygda hennar. Ho angra ikkje på at ho valde å bli prest då ho først måtte omskolere seg. Sara har ofte i livet kjent på at folk ikkje har so høge forventningar til henne. Det endra seg etter at ho blei elektrikar. For henne var det draumejobben. I det yrket hadde ho fått ry som ein magikar. Det var ikkje den ting ho ikkje kunne få til om ho berre fekk litt tid på seg til å pønske ut korleis det skulle gjerast.

Men så fekk ho slitasjeskadar i skuldrene og armane og måtte slutte i jobben ho elska. Det var eit hardt slag for henne.

Folk rundt henne blei forundra over at ho hadde valt å bli prest. Rett nok hadde ho vore med i ungdomsarbeidet i kyrkjelyden i mange år. Og i ungdomskoret var ho sjølvskriven solist. Men ho hadde ikkje vore den som stod fram og heldt andakt. Sara hadde tenkt at når stoda blei som den no var, kunne ho kanskje bruke sine ferdigheiter og kreative evner frå det yrket ho no måtte forlate. Ho tenkte at kyrkja kunne ha trong for ei slik fornying. Etter eit nytt kyrkjeleg utdanningsopplegg blei ho ferdig prest på tre år.

Sara er særleg glad i bibeltekstar der ho kan bruke sine ferdigheiter frå sitt tidlegare yrke. Slike tekstar kan ho arbeide med i lang tid. Ofte testar ho dei ut på konfirmantleir.

Sara er også timelærar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule ein dag i veka. Det er på måndagane. Då har ho som prest sin faste fridag fordi ho jobbar på søndagen. Blant dei unge blir ho rekna for å vere den kulaste læraren av alle.

Ein av dei tekstane Sara jobba med på denne måten, var teksten om at Jesus skal komme attende til jorda ein dag. Det kan skje om hundre år eller om ti tusen år. Og det kan skje no i dag. Sola vil slokne og det vil bli mørker midt på lyse dagen. Dette er dagen for verdas ende.

Tidlegare hadde ho, som så mange andre, tenkt på den dagen som ein særdeles mørk og tung dag. Men så hadde ho hatt ei anna oppleving av det. Dette var jo dagen som opna for den største gleda, for det evige livet i Paradiset.

Rett nok er det mykje å glede seg over i dette livet som ho lever no. Men ho veit jo samstundes at det også er mykje vondt. Det er mange som går gjennom store lidingar. Her i livet er det ein kunst å prøve å gjere det beste ut av alt, same kva det er. Det er ei øving i livsmot og livsglede midt i det vonde og vanskelege. Slik sett blir det vi kan få av livsglede her i livet som ein forsmak på livet i Paradiset. Her i livet møter kvar einskild av oss meir eller mindre av vondskap. Men i Paradiset er det slutt på det. Der er alt berre glede og jubel.

Ho visste godt at i kyrkja si historie, og ikkje minst i kyrkjekunsten, var det ei del framstillingar av denne siste tida på jorda som eit slag – slaget på Armageddon på Jisreelsletta like sør for Haifa i Israel. Det skulle vere ein kamp mellom Gud og dei vonde makter som menneska så blir trekt inn i.

Ho hadde tenkt litt på korleis ei preike om dette temaet kunne bli.

«Tenk deg at du er på veg til kyrkja den dagen. Du køyrer bilen din nedover Lakslia langs Arnaelva. Plutseleg høyrer du at elva syng lovsongar til Gud. Du høyrer at fjella jublar av fryd. Du ser at trærne dansar. Trær kjem dansande ut i vegen og du må bråbremse for ikkje å køyre på dei. Dei dansar av glede. For dette er den store dagen for glede.»

Dette var ein tekst ho måtte jobbe meir med for at alle elementa skulle vere på plass i hennar tekno-preike. Ho var begynt å legge inn ulike typar med lyd på mobiltelefonen sin, lyder som ho kunne bruke for å framstille denne siste dagen på jorda, både sjølve slaget og jubelen når det gode hadde sigra. Sara hadde lese i Johannes Openberring, den siste boka i Bibelen, om eit stort jordskjelv på denne dagen. Dette jordskjelvet skulle vere så stort at det aldri tidlegare hadde vore eit så stort jordskjelv på jorda. Ho hadde eksperimentert med lydopptak frå stein som rasar nedover ein skråning og støytar saman med andre steinar. Så hadde ho forsterka lyden mange gongar.

Ho arbeidde også med sterke lyseffektar som ho la inn på mobilen.

Sara elska å arbeide med slike ting. Men samstundes måtte ho vere varsam. Ho gløymer ikkje preika ho held om då Jesus stilla stormen. Det var konfirmasjonsgudsteneste og kyrkja var fullsett med folk i sin finaste stas. Ho stod på preikestolen med ein fjernkontroll i handa. Lynraskt hadde ho fått blenda ned heile kyrkjerommet slik at alt blei mørkt. Så kom det lynglimt og lyden av torevêr. Ho meinte at ho hadde full kontroll på sprinklaranlegget i kyrkja slik at ho berre skulle sleppe ned litt vatn. Men det hadde komme meir enn ho hadde planlagt. Då var det mange som skreik. Nokre blei våte. Andre blei redde. Det var nokre få som hadde klaga til biskopen etter at dei blei litt våte på bunadene sine. Men konfirmantane tykte dette var ei storveges preike som dei aldri i livet ville gløyme. Og dei fekk noko aktuelt å snakke om i konfirmasjonsselskapa kring i Arna denne dagen.

Sara blir brått riven ut av tankane sine. Klokka er blitt halv ti. Sara innser at ho  må førebu kyrkjekaffien som denne søndagen skal haldast i prestegardshagen. Det er kjøpt inn pølser og brød. Hun går bort til den gamle raudmåla låven for å finne det gamle oppskorne oljefatet som ho skal bruke som grill.

Kapittel 3

Bufellesskapet

Åsheim i Arna, 25. juni 2025

Klokka er litt over ni då ti kvinner og menn går ut av eit stort gulmåla hus øvst på Åsheim. Det var her postvegen mellom Bergen og Christiania gjekk frå 1647 og til ho blei lagt om til å gå rundt Garnes i staden. Dei spaserer langsamt nedover den bratte bakken og nyt det vakre vêret.

Adil Fattah er leiar for gruppa. Han er høg og kraftig, mørkhåra og glattbarbert. Adil vaks opp i fattige kår i Sannah, hovudstaden i Jemen. Men han var ein smarting og kom seg ut av fattigdomen. Gjennom kontaktar med utanlandske hjelpearbeidarar i byen, fekk han stipend til utdanning i utlandet. Først reiste han til USA og for tre år sidan kom han til Noreg og Trondheim for å fullføre utdanninga som sivilingeniør.

Dei kjem til vegkrossen mellom Garnesvegen, Indre Arnavegen og Ådnavegen, staden som frå gamalt blei kalla Bommane. Frå Vossebana blei opna i 1883 og fram til Ulrikstunnelen og Arnanipa jernbanetunnel 1. august 1964 førte til ei omlegging av traséen for Bergensbana, gjekk togsporet rett gjennom rundkøyringa på bilvegen her. No er det berre veterantoget på Museumsjernbana Gamle Vossebana som køyrer her. Dei ti vel Ådnavegen langs nordvestsida av gamle Arna jernbanestasjon.

Idet dei går fordi prestegarden, ser dei ei ung kvinne bakse med eit gjenstridige oljefat der inne. Adil smetter gjennom hekken langs vegen og hjelper kvinna med å få kontroll på oljefatet.

«Kvar skal du ha fatet?» spør han på eit norsk med perfekt uttale.

«På den andre sida av prestegarden, på plenen som vender ned mot vågen,» svarar kvinna.

«Så dette er ein prestegard og du er kanskje då presten?» spør Adil spøkefullt.

Kvinna rekker fram handa og presenterer seg.

«Ja, eg er soknepresten i Arna og heiter Sara,» seier ho.

«Perfekt,» svarar Adil, «vi er på veg til kyrkja. Kanskje du kan fortelje oss kvar ho er? Vi har vore usikre på det.»

«De er på rett veg. Det er eg som skal forrette gudstenesta i dag. Og eg skal gå til kyrkja når eg berre får dette fatet på plass,» seier ho.

No har også dei andre frå kollektivet komme inn i prestegardshagen og fleire av dei hjelper Sara med å få oljefatet på rett plass. Sara helsar på dei ni andre frå bufellesskapet på Åsheim.

«Eg kan slå følge med dykk til kyrkja,» seier ho. «Berre vent ein augneblink medan eg hentar det eg treng.»

Kapittel 4

Grillparty

Prestegarden i Arna, 25. juni 2025

Det er ikkje så mange andre enn nyinnflyttarane på Åsheim på gudstenesta denne søndagen midt i fellesferien. Og det er berre dei ti frå Åsheim som blir med til grillpartyet i hagen i prestegarden etter gudstenesta. Det tyder at Sara meir kan vende si merksemd mot dei nyinnflytta i kyrkjelyden og bli betre kjent med dei enn ho kunne om det var fleire andre til stades.

Sara har kjøpt inn pølser, flesk og ulik typar kjøt. Plutseleg blir ho usikker på om dei kan ete flesk sidan dei er arabarar. Men, tenker ho, dei er jo kristne. Det er vel berre muslimar som ikkje kan ete flesk. Så då treng ho ikkje tenke meir på det.

Adil tek rolla som grillmeistar. Og han gjer ein framifrå jobb. Dei får alle eit velsmakande måltid. 

Sara sit ved sida av ei kvinne som presenterer seg som Basira. Ho fortel at dei akkurat har flytta til Åsheim. Dei kjem frå mange kantar av Europa og fekk kontakt via ei side på Facebook. Basira seier at ho jobbar som lokomotivførar.

«Kva er det denne Facebooksida er oppteken av?» spurde Sara,

«Fjell,» seier Basira. «Alle som er med i gruppa er fascinert av fjell. Det er jo ein svært stor del av jordkloda som består av fjell. Vi er opptekne av grotter i fjella, av dei mange former fjella kan ha. Og vi likar å gå tur i fjella. Difor passer det godt for oss å bu på Åsheim. Og sidan vi ikkje har bil, får vi god mosjon kvar gong vi skal opp til huset vårt etter å ha vore nede i bygda,» seier ho.

«Som lokomotivførar på Bergensbana får eg oppleve fjell, mykje fjell, kvar dag på jobben,» seier Basira.

Ved sida av Basira sit Malika og Fadil. Dei fortel at dei på måndag skal begynne i ny jobb på terminalen til matvaregrossisten ASKO VEST i Indre Arna. Malika skal begynne som transportsjef og Fadil som sjåfør.

Sara snakka også med Amber, som er kunstnar. Dei fem andre frå bufellesskapet på Åsheim er ein tolk, ein logistikkekspert, ein teknikar og to kjemikarar. 

Alle i bufellesskapet er svært sosiale. Dei blir sitjande ute i hagen og prate til sola går ned bak Ulriken. Dei er nysgjerrige og vil vite mest mogeleg om Arna-bygdene. Sara fortel om Toro-fabrikken, Janus-fabrikken på Espeland og industrieventyret i Ytre Arna.

Ho fortel at Arna til alle tider har vore ei viktig innfartsåre til Bergen. I gamal tid var den lettaste måten å komme seg frå Bergen og austover i landet på til lands å gå langs Svartediket, opp på Vidda mellom Fløien og Ulriken og vidare ned Borgaskaret til Borgatræet og Borge. Derifrå kunne ein gå nordover langs Langedalen på austsida av Ulriken til Mjeldheim og Arna.

Sara fortel dei også om sin andre arbeidsplass, om Arna vidaregåande skule og e-sportlina der. Dei ti er imponerte over at dataspel er blitt eit skulefag. Dei synest også at det er kult at ein prest undervisar i dette faget.

Kapittel 5

Død kvinne i nikab

Rambergsvegen i Arna, 2. juli 2025

To kvinner – mor og dotter – er på ein tidleg tur på turvegen Rambergsvegen I Indre Arna ein søndags morgon. Dei har planlagt at dei vil ta frukosten på utsiktsplassen der dei kan sjå ned på Arna idrettspark og jernbanestasjonen. Til frukosten har dei med seg kaffi på termos og nokre påsmurte brødskiver.

Dei ser inn i gapahuken som er reist like ved sida av sitteplassen på utsiktsstaden. Då ser dei ein svart bylt inne i gapahuken og trur først at det er ein svart avfallssekk med noko inni. Når dei går nærmare ser dei at det er ei kvinne kledd i ein heildekkande svart nikab. Kvinna rører ikkje på seg og verkar livlaus.

På mobilen ringer dei straks 113 og eit minutt seinare ser dei at ein brannbil med blålys rykker ut frå brannstasjonen i Garnesvegen. Dei veit at brannstasjonen er utstyrt med hjartestartar og reknar med at det er difor alarmsentralen sender brannbilen ut etter meldinga om den livlause kvinna i Rambergsvegen.

Brannbilen køyrer opp Indre Arnavegen til Roknetoppen. Så tek den til venstre opp Gotevollen til parkeringsplassen som er laga for turgåarar rett opp for Stølsvegen. Derifrå tek brannfolka seg vidare opp Rambergsvegen med moped. Når dei kjem fram til utsiktsplassen, kan dei raskt konstatere at kvinna i nikaben er død og at ho truleg har vore det i fleire timar. Dei kan sjå at det er størkna blod på nikaben og at det er fleire hol på kledet, truleg etter knivstikk. Brannfolka rapporterer tilbake til alarmsentralen kva dei har sett og ber om at politiet tek over saka. Men dei skal stå vakt på staden til politiet har komme fram.

I avisene blir det store oppslag om saka. Lokalavisa Bygdanytt har snakka med folk som bur på Åsheim. Dei fortel om eit bufellesskap i nabolaget. Dei fleste av dei som bur der går til vanleg heilt normalt kledd når dei er ute. Men den næraste naboen har observert at nokre gonger, seint på kvelden, har to kvinner kledd i nikab gått frå bufellesskapet. Dei nikabkledde har gått frå huset til bufellesskapet og opp i fjellet mot toppen av Arnanipa. Naboen undra seg over tidspunktet for ein slik fjelltur.

Politiet opplyser etter kvart at kvinna som blei funne i gapahuken, er drepen. Dei opplyser at dei ikkje har gått til pågriping av nokon for drapet og at dei heller ikkje har nokon bestemt person mistenkt. Dei oppmodar folk som kan ha opplysningar i saka om å melde frå til politiet.

Kapittel 6

IS-krigarar

Kyrkjelydskontoret i Indre Arna, 6. juli 2025

Sara får tidleg ein morgon besøk på prestekontoret av to sivilkledde politimenn. Dei fortel at dei kjem frå Politiets Sikkerheitsteneste (PST) og at dei etterforskar saka om den døde kvinna i nikab. Dei har høyrt frå innringarar at nokre hadde observert at folk frå bufellesskapet på Åsheim hadde vore i Arna kyrkje for nokre veker sidan og at dei etter gudstenesta hadde vore på kyrkjekaffi i prestegardshagen.

Sara sa at ho til vanleg ikkje informerte nokon om kven som hadde vore på gudsteneste i kyrkja. Men sidan dette var ei drapsetterforsking, kunne ho stadfeste at det hadde vore ti personar frå bufellesskapet på Åsheim på ei gudsteneste. Ho fortalte korleis gudstenesta og kyrkjekaffien hadde arta seg. Men etter dette hadde ho ikkje sett noko til nokon av folka frå bufellesskapet.

Politifolka fortalde då at det ikkje hadde vore nokon i huset på Åsheim etter at kvinna i nikab var funne død. Politiet hadde då teke seg inn i huset. Men det var heilt tomt for folk. Huset bar preg av at det hadde blitt forlate i hast. Frukostbordet var dekka og maten stod framleis på bordet.

PST-folka fortalte at dei hadde fått informasjonar frå deira kollegaar i Frankrike. Franskmennene hadde fortald at folka frå bufellesskapet på Åsheim var krigarar frå IS – Den islamske staten. Dei var no i gang med å gjere forsøk på å etablere seg i Europa. Målet deira var å skipe eit kalifat for heile Europa. No var dei ute etter å finne seg eit hovudkvarter for verksemda i Europa. Dei hadde først prøvd seg i Spania. Dette landet var erobra av muslimane frå 711 til 1492. Al-Andalus kalla muslimane den delen av den iberiske halvøya som dei kontrollerte, og det var mesteparten av den.

IS-folka freista å etablere seg i Córdoba, byen som ga namn til det europeiske kalifatet som blei oppretta. Men IS-folka blei oppdaga av spanske styresmakter og blei kasta ut av landet og sendt til Syria. Der forlèt spansk politi dei etter at dei var sloppe ut av eit spansk fly i Damaskus.

Etter berre nokre månader skjedde det same i Frankrike. Då blei ei gruppe IS-krigarar oppdaga i byen Poitiers. Det var utanfor denne byen at eit av dei viktigaste slaga i verdssoga stod  10. – 11. oktober 732 e. Kr. Då overmanna frankaren Karl Martell ein langt større muslimsk hær som hadde gått til åtak. Den muslimske hæren var leia av Abdul Rahman Al Ghafiqi frå Umayyad-kalifatet i Damaskus. Historikarar har vurdert det slik at dersom muslimane hadde vunne dette slaget, så er det store sjansar for at Europa hadde vore muslimsk den dag i dag. Det var på den tida at Egypt og fleire andre land i Midtausten og Nord-Afrika blei hærtekne av muslimane. Det var svært brutale invasjonshærar. Folka som blei okkuperte, hadde valet mellom å omvende seg til islam eller bli drepen.

«Våre kollegaar i Frankrike meiner at IS-krigarane no forsøkte seg på Åsheim. Etter å ha blitt avslørt i både Spania og Frankrike, valde dei ein stad der dei trudde at dei aldri ville bli oppdaga.» 

«Våre undersøkingar, mellom anna i huset på Åsheim, tyder på at det har vore to ulike grupper av IS-krigarar i bufellesskapet her. Den eine gruppa har hatt som oppgåve å bygge opp Den islamske staten i Europa, mellom anna ved hjelp av rekruttering og opplæring. Disse folka har gått i vanlege vestlege klede og har levd slik folk i vesten gjer. Dei har skjult sin islamistiske identitet. Den andre gruppa er IS-krigarar som er komme frå Syria.

Sjefen for heile bufellesskapet på Åsheim heiter Abdul Rahman Al Ghafiqi. Han har teke namnet sitt etter den muslimske hærføraren som tapte slaget ved Poitiers i 732. No vil han halde fram der den muslimske hærføraren måtte gi tapt i slaget mot Karl Martell og hans soldatar. Han vil gjere Europa til eit kalifat styrt av sharia-lovgjeving. Men for ikkje å sette folk på sporet av det han held på med, kallar han seg førebels Adil Fattah. Etterretningsrapportar fortel at han har uttala at når sigeren er vunne og alle europearar er anten muslimar eller daude, vil han ta i bruk det riktige namnet sitt, Abdul Rahman Al Ghafiqi med tilnamnet Den sigrande.

«Adil Fattah forbaud IS-krigarane frå Syria å vise seg ute i nikab og andre IS-klede. Då oppstod ein krangel som var så heftig at den held på å sprenge heile bufellesskapet og prosjektet deira. Som eit kompromiss blei det vedteke at dei kunne gå ute i slike klede etter at det var blitt mørkt. Om sommaren kunne dei gå i fjella opp mot Arnanipa etter midnatt i slike klede.»

«Vi veit ikkje kva som skjedde forut for drapet i Rambergsvegen. Dei mest fantasifulle etterforskarane vi har på stasjonen, arbeider ut frå den hypotesen at drapet i gapahuken i Rambergsvegen skuldast forboden kjærleik. Dei meiner at to kvinner kledd i nikab gjekk opp i fjellet saman. Då dei kom til den gamle radiomasta, tok dei ein snarveg rett ned til Rambergsvegen. I gapahuken utfalla hensikta med den nattlege turen seg, forboden jentekjærleik.

«Men det dei to elskande IS-kvinnene ikkje visste, var at ektemannen til den eine av dei hadde følgt etter dei heile vegen utan å ha blitt oppdaga. Då han blei vitne til den heftige kjærleiken i gapahuken, stakk han elskarinna til kona si til døde. Kva som etter det skjedde med kona hans veit vi ikkje. Kanskje følgde ho lydig med mannen sin attende til bukollektivet på Åsheim eller så har ho klart å stikke av frå mannen sin.» 

Fotball-EM-Quiz

Christiano Ronaldo er Portugals toppscorer
  1. Hvilket år ble det første fotball-EM arrangert?
  2. Når ble det forrige fotball-EM arrangert?
  3. Hvem er regjerende EM-mester?
  4. Under fotball-EM i 2016 møttes Island og England i en åttendedelsfinale. Hva ble resultatet?
  5. Norge har deltatt en gang i fotball-EM. Hvilket år?
  6. Hvem har vunnet flest gullmedaljer i fotball-EMs 61-årige historie?
  7. Hvilke to lag spilte åpningskampen i fotball-EM 2021?
  8. Når og hvor blir finalen i fotball-EM 2021 spilt?
  9. Hvem laget det første målet i fotball-EM 2021,?
  10. Med 11 mål er han mestscorende i EM. Hvem?

Svar:

  1. 1960
  2. 2016
  3. Portugal
  4. Island vant 2-1
  5. 2000
  6. Tyskland og Spania (tre hver)
  7. Tyrkia og Italia
  8. 11. juli klokken 21.00 på Wembley Stadium i London
  9. Tyrkisk selvmål i åpningskampen mot Italia
  10. Christiano Ronaldo

Gladkrimen «Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen» blodfersk frå trykkeriet

Gladkrim

Sara Borge har tilnærma magisk ry som elektrikar. Då ho må slutte i draumeyrket på grunn av slitasjeskader, vel ho å bli prest. Ho bruker sin kreativitet frå sitt tidlegare yrke til å lage sterke preiker, mellom anna om dommedag.

Ei gruppe islamistar har bufellesskap på Åsheim i Arna. Men då ei nikab-kledd kvinne blir drepen i Rambergsvegen, rømmer dei frå staden.

Sara er mellom dei 415 passasjerane på nattoget som forsvinn i Urikstunnelen. Islamistane som står bak, vil trene dei stridsdyktige blant passasjerane til å bli IS-krigarar i det nye kalifatet dei vil opprette i Europa. Blant passasjerane er det ei gruppe amerikanske konspirasjonsteoretikarar og nokre unge muslimar.

Elevar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule, ei gruppe kvistgangarar, beredskapstroppen og 100 amerikanske soldatar står på utsida og vil hjelpe.

Boka kan kjøpast for kroner 148 i Norli Arna på Øyrane Torg eller direkte hos forfatteren på sms 90060883 eller epost: audun3149@gmail.com

Boka kan også lastast ned som ebok, mellom anna på ebok.no:

https://ebok.no/ebok/nattog-forsvinn-i-ulrikstunnelen_audun-stolas/

Og på andre ebokhandlarar, som til dømes norli.no, ark.no og tanum.no

«Velskriven og artig gladkrim skriven av Audun Stølås.
Godt plott med ei blanding av historiske og hysterisk morsomme ingrediensar.
Lokalt og globalt perspektiv – og med ein omskolert kvinneleg prest i ei sentral rolle.»

Kristin Hjertaker på Facebook

Volcano-alarm in Yellowstone (fiction)

When the alarm comes from the Yellowstone National Park that the super volcano in the park will have an eruption in short time, people all over North America are convinced that it is not possible to live in their lands any longer. The Russian president starts an air brige to evacuate people from North America to Russia.

You can read more here:

https://www.amazon.com/Volcano-Audun-St%C3%B8l%C3%A5s-ebook/dp/B08M477327/ref=sr_1_2?dchild=1&keywords=audun+st%C3%B8l%C3%A5s&qid=1617966733&sr=8-2

Immune by marriage

Immune
A bird flu epidemic broke out in the West Coast of Norway. All health workers were strongly urged to get vaccinated. A nurse from Osteroy objected strongly. It is not necessary for me to take the vaccination. I am immune to bird flu, she said. She was examined and it was right as she had said. She was immune. How could it be that you are immune to bird flu, asked the doctor who examined her.
For 35 years, she told, I have been married to a cuckoo from Lindas.

Without a chance
Now that mom is going to move in with us, we perhaps ought to find a bigger house, said the wife to her husband one day. I don’t think that will be any use, answered her husband, she will find us anyway.

Personal record
The phone rang and the wife answered it. After ten minutes she hung up. I must congratulate you with personal record in short telephone conversation, said her husband.
Yes, explained the wife, it was one that had dialed wrong number.

Survival
The start was a little difference of opinions about a trifle. But the following conversation developed to the quarrel of their life. Now I pack and travel to an island in the Pacific, announced the husband. There the women pay a man 100 kroner each time he makes love to her.
An hour later the man came down to the exit door with his suitcase and discovered that his wife stood there, she too with a packed suitcase. Where are to going, he asked. I am going to the same island in the Pacific that you are going to. Why, he asked. I am going there, she answered, to see how you will manage with 200 kroner a year.

Help
She had been a politician for the whole of her career, both as a member of parliament and in government. Now she had retired and had written a book about her life at the top of power in society. The book became a bestseller and everybody talked about it. One day she participated in a banquet. A famous male politician from another party was there also and he said to the now famous author. I liked your book, who wrote it for you? The woman put on her broadest smile and answered: So nice that you liked my book, who read it for you?

Nothing
A woman tells that she one day threw a coin into a wishing well wishing nothing – nothing of cooking, nothing of housework, nothing of child care, nothing of responsibility. And suddenly she became a man.

Amazon.com

Appelsin-quiz

Appelsin på appelsintre (Foto: Ellen Levy Finch/Wikimedia)

  1. Hva betyr ordet appelsin?
  2. Hvor mange appelsiner blir spist i Norge i påsken?
  3. Hvor mange båter er det i en appelsin?
  4. Hva heter appelsin på engelsk?
  5. Den franske trappistmunken Clement har fått en frukt oppkalt etter seg. Hvilken?
  6. Hvilken vitamin er det mye av i appelsiner?
  7. Hvilket land produserer mest appelsiner?
  8. Fra hvilket land får Norge mest appelsiner?
  9. Hvilket land kommer Jaffa-appelsinene fra?

Svar:

  1. Eple fra Kina
  2. Om lag 17 millioner
  3. Mellom 7 og 12, oftest 10
  4. Orange
  5. Klementiner
  6. C-vitamin
  7. Brasil
  8. Spania
  9. Israel

Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen – ebok, (snart også i printa utgåve)

Sara Borge har tilnærma magisk ry som elektrikar. Då hun må slutte i draumeyrket på grunn av slitasjeskader,  vel ho å bli prest. Ho bruker sin kreativitet frå sitt tidlegare yrke til å lage sterke preiker, mellom anna om dommedag.

Ei gruppe islamistar har bufellesskap på Åsheim i Arna. Men då ei nikab-kledd kvinne blir drepen, rømmer dei frå staden.

Sara er mellom dei 415 passasjerane på nattoget som forsvinn i Ulrikstunnelen. Islamistane som står bak, vil trene dei stridsdyktige blant passasjerane opp til å bli IS-krigarar i det nye kalifatet dei vil opprette i Europa. Blant passasjerane er det også ei gruppe amerikanske konspirasjonsteoretikarar og nokre unge muslimar.

Elevar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule, ei gruppe kvistgangarar, beredskapstroppen og 100 amerikanske soldatar står på utsida og vil hjelpe.    

Audun Stølås (72) bur i Indre Arna i Bergen. Han har i 34 år vore journalist og høgskulelektor. Dette er den 18. boka han gjev ut.

Denne eboka kan lastast ned mellom anna på ebok.no:

https://ebok.no/ebok/nattog-forsvinn-i-ulrikstunnelen_audun-stolas/

Seinare i år kjem boka i trykt utgåve.

«Velskriven og artig gladkrim skriven av Audun Stølås.
Godt plott med ei blanding av historiske og hysterisk morsomme ingrediensar.
Lokalt og globalt perspektiv – og med ein omskolert kvinneleg prest i ei sentral rolle.»

Kristin Hjertaker på Facebook