Gladkrimen «Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen» blodfersk frå trykkeriet

Gladkrim

Sara Borge har tilnærma magisk ry som elektrikar. Då ho må slutte i draumeyrket på grunn av slitasjeskader, vel ho å bli prest. Ho bruker sin kreativitet frå sitt tidlegare yrke til å lage sterke preiker, mellom anna om dommedag.

Ei gruppe islamistar har bufellesskap på Åsheim i Arna. Men då ei nikab-kledd kvinne blir drepen i Rambergsvegen, rømmer dei frå staden.

Sara er mellom dei 415 passasjerane på nattoget som forsvinn i Urikstunnelen. Islamistane som står bak, vil trene dei stridsdyktige blant passasjerane til å bli IS-krigarar i det nye kalifatet dei vil opprette i Europa. Blant passasjerane er det ei gruppe amerikanske konspirasjonsteoretikarar og nokre unge muslimar.

Elevar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule, ei gruppe kvistgangarar, beredskapstroppen og 100 amerikanske soldatar står på utsida og vil hjelpe.

Boka kan kjøpast for kroner 148 i Norli Arna på Øyrane Torg eller direkte hos forfatteren på sms 90060883 eller epost: audun3149@gmail.com

Boka kan også lastast ned som ebok, mellom anna på ebok.no:

https://ebok.no/ebok/nattog-forsvinn-i-ulrikstunnelen_audun-stolas/

Og på andre ebokhandlarar, som til dømes norli.no, ark.no og tanum.no

«Velskriven og artig gladkrim skriven av Audun Stølås.
Godt plott med ei blanding av historiske og hysterisk morsomme ingrediensar.
Lokalt og globalt perspektiv – og med ein omskolert kvinneleg prest i ei sentral rolle.»

Kristin Hjertaker på Facebook

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s