Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen – ebok, (snart også i printa utgåve)

Sara Borge har tilnærma magisk ry som elektrikar. Då hun må slutte i draumeyrket på grunn av slitasjeskader,  vel ho å bli prest. Ho bruker sin kreativitet frå sitt tidlegare yrke til å lage sterke preiker, mellom anna om dommedag.

Ei gruppe islamistar har bufellesskap på Åsheim i Arna. Men då ei nikab-kledd kvinne blir drepen, rømmer dei frå staden.

Sara er mellom dei 415 passasjerane på nattoget som forsvinn i Ulrikstunnelen. Islamistane som står bak, vil trene dei stridsdyktige blant passasjerane opp til å bli IS-krigarar i det nye kalifatet dei vil opprette i Europa. Blant passasjerane er det også ei gruppe amerikanske konspirasjonsteoretikarar og nokre unge muslimar.

Elevar på e-sportlina på Arna vidaregåande skule, ei gruppe kvistgangarar, beredskapstroppen og 100 amerikanske soldatar står på utsida og vil hjelpe.    

Audun Stølås (72) bur i Indre Arna i Bergen. Han har i 34 år vore journalist og høgskulelektor. Dette er den 18. boka han gjev ut.

Denne eboka kan lastast ned mellom anna på ebok.no:

https://ebok.no/ebok/nattog-forsvinn-i-ulrikstunnelen_audun-stolas/

Seinare i år kjem boka i trykt utgåve.

«Velskriven og artig gladkrim skriven av Audun Stølås.
Godt plott med ei blanding av historiske og hysterisk morsomme ingrediensar.
Lokalt og globalt perspektiv – og med ein omskolert kvinneleg prest i ei sentral rolle.»

Kristin Hjertaker på Facebook

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s